HJEM    PROGRAM    PÅMELDING    PRAKTISK INFORMASJON    DELTAKERLISTE    

 

   
   
   
Den gode barnehage- og skuleeigar   
   
   
Kommunalt og fylkeskommunalt barnehage- og 

skuleeigarprogram for læring, medskaping og utvikling
 
 
   
2017 - 2018  
   
   
Korleis kan kommunane og fylkeskommunen saman utvikle eit heilskapleg opplæringsløp for alle  
barn og unge, slik at vi som samfunn lukkast med formålet i barnehagelova og opplæringslova?  
Lovene seier at "opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne  
dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring".  
   
Korleis kan vi som barnehageeigarar og ansvarlege for tilbodet i barnehagane, fremje gode   
kvalitetsbarnehagar der born trivst og utviklar seg i tråd med sine føresetnader?  
   
Korleis kan vi som skuleeigarar fremje opplæring med faglege, kulturelle og sosiale kvalitetar som   
gir elevane meistring, læring og eit godt sjølvbilete i eit helsefremjande miljø der fysisk og psykisk   
helse inngår som ein naturleg del av heilskapen?  
   
Vi kan berre lukkast om politisk eigarskap er basert på kunnskapsbaserte fakta og samhandling  
med andre partar i barnehage og skule, - for felles mål.  
   
Programmet "Den gode barnehage- og skuleeigar" er eit tiltak for å realisere måla i eigarstrategien  
til KS for barnehage og skule. Programmet skal også betre føresetnadene til å gjennomføre nasjonal  
barnehage- og utdanningspolitikk.  
   
Les meir her: I Den gode barnehage- og skuleeigar - om programmet  
   
Målgruppe:  
Utøvarar av barnehage- og skuleeigarrolla på politisk og administrativt nivå i kommunane i og i   
fylkeskommunen. Det vil seie:  
  • folkevalde som ønskjer å auke kunnskapen om utfordringar og politisk styring av 
    barnehagar og skular, og gi folkevalde innsyn i lokalt handlingsrom for utøving av 
    politisk styring
  • rådmenn og fylkesrådmann
  • tilsette leiarar i administrasjonen som har ansvar for barnehagar og skular,
    t.d. kommunalsjef, fylkesdirektør, etatssjef, barnehage- og skulefagleg ansvarleg,
    rådgjevar og liknande
  • representantar frå barnehageleiarar og rektorar for dei ulike skuleslaga
Hovudtillitsvalde for tilsette i barnehage og skule bilr inviterte til å delta i programmet.
 
   
Det vert føresett at både folkevalde og representantar frå administrasjonen deltek frå   
kommunen/fylkeskommunen si side. I ein spennande styringsdialog er det avgjerande at alle nivå  
i kommunen snakkar godt saman og kjenner kvarandre sine roller og ansvarsområde.  
   
Kvar kommune bør delta med minst åtte personar.   
   
   
   
   
   
   
   
   
   
   

 

Powered by WebSite