Aktivitetskalender     Om KS     Arkiv     Presse     Kontakt     English     Español

 
 

KS Møre og Romsdal: Haustkonferansen 2017 og fylkesmøte

 
 
HJEM    PROGRAM    PÅMELDING    PRAKTISK INFORMASJON    DELTAKERLISTE    FØREDRAG    

Til
Kommunane i Møre og Romsdal v/ ordførar og rådmann
Møre og Romsdal fylkeskommune v/ fylkesordførar og fylkesrådmann
Valde utsendingar til fylkesmøte i KS
Styret for KS Møre og Romsdal
Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal                                 
 
 
INVITASJON TIL HAUSTKONFERANSEN 2017  
 
"Kommunene former fremtiden - slik gjør vi det!"
 
 
KS Møre og Romsdal inviterar til Haustkonferansen 2017 på Quality Hotel Waterfront i Ålesund den 8. og 9. november.
 
Målgruppe:
Politisk og administrativ leiing, fylkesstyremedlemer, valde utsendingar til fylkesmøte i KS, stortingsrepresentantar, fagleiarar innan aktuelle tema og andre interesserte frå kommuneleiinga.

 

Haustkonferansen i år følger opp sentrale tema som kommunane er opptekne av, og som KS har satt høgt på dagsorden. Essensen har vi forsøkt å uttrykke i overskrifta «Kommunene former fremtiden – slik gjør vi det!».

Tema tidleg innsats i barnehagar, inkludering, folkehelse mm. er sentrale i kommunane sin politikk og kvardag. Her får vi det siste av oppdatert forsking og kunnskap på feltet – om samanhengane mellom kvalitet og tilbod i barnehagane, og effekten på barna sin skule- og yrkesdeltaking seinare i livet. Vi får mellom anna møte professor i samfunnsøkonomi, Mari Rege, som har engasjert seg sterkt i dette. Vi skal også diskutere Møre og Romsdal, kva skjer etter regionreforma, der fylkesordføraren bidrar med sine tankar om dette. Digitalisering står også sentralt, vi får høyre kva som er på gang og korleis kommunane saman, gjennom digitaliseringsstrategien til KS, kan ta grep om utviklinga. Og sist, men ikkje minst, skal vi dele gode lokale døme både til nytte og læring. Og så er vi spent på kva Terje Sporsem har å melde, som programavslutting første dag!

 
KS Møre og Romsdal innkallar med dette til fylkesmøte med valde utsendingar den 9. november 2017 på Quality Hotel Waterfront i Ålesund, kl. 13.30 – 15.00.
Fylkesmøtet er KS sitt øvste organ i fylket. Fylkesmøtet møter i samband med arbeidet med å forankre konsultasjonar, tariffspørsmål, forpliktande avtalar og andre viktige/ prinsipielle saker. I fylkesmøtet møter dei valde utsendingane frå kommunane og fylkeskommunen.
Utsendingane er velkomne til å delta på Haustkonferansen.
 
Vi ber om at evt. forfall til fylkesmøtet vert meldt til KS M&R snarast, og vara vert innkalla.
 
Powered by WebSite