Aktivitetskalender     Om KS     Arkiv     Presse     Kontakt     English     Español

 
 

KS Møre og Romsdal:
Haustkonferansen 2018 og fylkesmøte
Kristiansund, 6. - 7. november

 
 
HJEM    PROGRAM    PRAKTISK INFORMASJON    PÅMELDING    

Til

Kommunane i Møre og Romsdal v/ ordførar og rådmann
Møre og Romsdal fylkeskommune v/ fylkesordførar og fylkesrådmann
Valde utsendingar til fylkesmøte i KS
Styret for KS Møre og Romsdal
Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal                                 

 

 

INVITASJON TIL HAUSTKONFERANSEN 2018 og INNKALLING TIL FYLKESMØTE

«Deltakelse og tilhørighet – Møre og Romsdal 2025»
 

KS Møre og Romsdal inviterar til Haustkonferansen 2018 på Thon Hotel Kristiansund den 6. og 7. november.

Målgruppe:
Politisk og administrativ leiing, fylkesstyremedlemer, valde utsendingar til fylkesmøte i KS, stortingsrepresentantar, fagleiarar innan aktuelle tema og andre interesserte frå kommuneleiinga.

Utanforskap eit sentralt tema under årets haustkonferanse. På dag 1 av konferansen vil vi sette lyse på ulike sider av utanforskap, og kva konsekvensar utanforskap kan føre til. Vi er stolte av å kunne presentere Helsesista, som er vinnar av Tabuprisen for 2018. Ho vil snakke om det å «våge å vere». I tillegg vil Yngve Carlsson belyse korleis norske ekstremistar i stor grad er i ein utanforskapsposisjon. 

Under andre dag av konferansen er det lokale spørsmål innanfor helse/omsorg og kommuneøkonomi som står på programmet. I tillegg vil vi rette fokus mot sirkulær økonomi og avfallshandtering – vi må sjå avfall som ein ressurs!

Vi ser fram til spanande dagar i Kristiansund, og ønskjer vel møtt til Haustkonferansen 2018!

 

KS Møre og Romsdal innkallar med dette til fylkesmøte med valde utsendingar den 7. november 2018 på Thon Hotel Kristiansund kl. 13.30 - 15.00.

Fylkesmøtet er KS sitt øvste organ i fylket. Fylkesmøtet møter i samband med arbeidet med å forankre konsultasjonar, tariffspørsmål, forpliktande avtalar og andre viktige/ prinsipielle saker. I fylkesmøtet møter dei valde utsendingane frå kommunane og fylkeskommunen. Innkalling med saksliste og saksdokument vert sendt ut i veke 44.

Utsendingane er velkomne til å delta på Haustkonferansen.
 

Vi ber om at evt. forfall til fylkesmøtet vert meldt til KS M&R snarast, og vara vert innkalla.

Powered by WebSite