INVITASJON TIL STRATEGIKONFERANSEN 2012 OG
INNKALLING TIL FYLKESMØTE 29. FEBRUAR
KS Møre og Romsdal inviterar til
Strategikonferansen 2012 på Rica Seilet Hotel i Molde, møterom Magnhild, den 29. februar.
Målgruppe for konferansen:
Ordførar, KS-utsendingar/ medlemer av Fylkesmøtet, formannskaps-/ fylkesutvalsmedlemer, stortingspolitikarar, rådmenn og andre interesserte frå kommuneleiinga.
Tema under konferansen er IKT-organisering i kommunesektoren, Tariff 2012, KS arbeidsgjevarpolitikk og Samhandlingsreformen. Sjå programfana.
KS Møre og Romsdal innkallar med dette til Fylkesmøte med valde utsendingar på
Rica Seilet Hotel, møterom Magnhild, i Molde onsdag 29. februar kl. 15.00 - 16.00.
Etter vedtektene for KS §12 er Fylkesmøtet KS sitt øvste organ i fylket. Fylkesmøtet møter 2 gonger i året i samband med arbeidet med å forankre konsultasjonar, tariffspørsmål, forpliktande avtalar og andre viktige/ prinsipielle saker. I fylkesmøtet møter dei som er valde utsendingar frå kommunane og fylkeskommunen.
Møteinnkalling med sakliste og saksvedlegg

Det er ein tett samanhang mellom tema som vert gjennomgått i konferansedelen og det som skal handsamast på fylkesmøtet, m.a. uttalane til debattnotatet, som denne gongen er konsentrert i hovudsak om tariffspørsmål. Vi oppfordrar difor fylkesmøtedelegatane til å delta frå start.
Vi ber om at evt. forfall til fylkesmøtet vert meldt til KS M&R snarast, slik at vara vert innkalla.
NB! Alle som møter til fylkesmøte/ strategikonferansen må fylle ut elektronisk påmeldingsskjema.