Aktivitetskalender     Om KS     Arkiv     Presse     Kontakt     English     Español

 
 

KS Møre og Romsdal:
Informasjonsmøte om Tariff 2019  -  12. juni
Personalleiarsamling  -  12. og 13. juni 2019

 
 
HJEM    PROGRAM    PRAKTISK INFORMASJON    PÅMELDING    

 


INVITASJON TIL INFORMASJONSMØTE OM TARIFF 2019 OG PERSONALLEIARSAMLING


KS Møre og Romsdal i samarbeid med ressursgruppe arbeidsliv inviterer med dette til
personalleiarsamling, inkludert tariffkonferanse, 12. – 13. juni 2019. Stad er hotell Scandic Parken Ålesund.

Samlinga startar onsdag 12. juni kl. 10.30 med tariffoppgjeret 2019 som tema, denne bolken varer fram til kl. 14.50, inkl. lunsj.
Kl. 15.30 startar samling for personalleiarar og avsluttar ettermiddag 13. juni.

Målgruppa for tariffdelen er HR-/personal-/lønnsmedarbeidarar og andre arbeidsgivarrepresentantar, som har behov for kunnskap om tariffoppgjeret og endringene i HTA.

Målgruppa til personalleiarsamlinga er personalsjef/-medarbeidarar.

 

Tema til samlinga vil i hovudsak omfatte:

Tariffoppgjeret 2019
I år vart det, i tillegg til sentrale tillegg, semje om særskilde lønstiltak for enkelte arbeidstakargrupper, og iverksettinga av dette løntiltaket vil få eit særskild fokus på konferansen. I tillegg til ein gjennomgang av det økonomiske frå tariffoppgjeret 2019, vil det i år òg bli sett av tid til endringane i pensjonsordningar i kommunal sektor. Første halvdel av konferansen vil òg bli streama.
Sjå program lagt under Program-fana (neste side).

Vi ber deltakarane ta med HTA og forhandlingsresultat frå i år.

Streaming av tariffkonferansen i KS Akershus og Østfold den 11. juni:
https://www.ks.no/regioner/ks-akershus-og-ostfold/kalender/invitasjon-til-informasjonskonferanse-etter-tariffoppgjoret-2019/


Påmelding til streaming:
http://ks.event123.no/Streamingavinformasjonskonferansen2019/paamelding.cfm?pAction=Form
 

Arbeidsgjevarstrategi: Arbeidsgjevarstrategiar skal verke i ei tid der det meste er i endring, og endringstakta i dagens samfunn aukar. KS skal fornye arbeidsgjevarstrategien for kommunane, korleis gjere denne best mogleg for ulike kommunar og høg endringstakt? Korleis lage robuste strategiar for alle?

Personalstatistikk: Korleis arbeide effektivt med personalstatistikk?


Ny IA-avtale: Kva inneber ny IA-avtale for kommunane? Stikkord: verkemidlar, organisering, samhandling og mål.


Kompetanse: Utarbeiding av kompetansestrategi i M&R gjennom Kompetansealliansen. Informasjon, korleis kan dette brukast i kommunane sitt arbeid innan kompetanseområdet?

 

 

Powered by WebSite