Aktivitetskalender     Om KS     Arkiv     Presse     Kontakt     English     Español

 
 

KS Møre og Romsdal: Strategikonferansen 2018 og fylkesmøte

 
 
HJEM    PROGRAM    PÅMELDING    PRAKTISK INFORMASJON    DELTAKERLISTE    

Til
Kommunane i Møre og Romsdal v/ ordførar og rådmann
Møre og Romsdal fylkeskommune v/ fylkesordførar og fylkesrådmann
Valde utsendingar til fylkesmøte i KS M&R
Styret for KS Møre og Romsdal
Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal                                 
 
 
 
INVITASJON TIL STRATEGIKONFERANSEN 2018  -   
INNKALLING TIL FYLKESMØTE v/ valde utsendingar
 
KS Møre og Romsdal inviterar til Strategikonferansen 2018 på Quality Hotel Alexandra i Molde den 7. og 8. februar.
 
Målgruppe:
Politisk og administrativ leiing, fylkesstyremedlemer, valde utsendingar til fylkesmøte i KS, stortingsrepresentantar, fagleiarar innan aktuelle tema og andre interesserte frå kommuneleiinga.
 
Strategikonferansen 2018 tek til med Ekspertutvalet si innstilling til nye oppgåver til regionane. Utvalsleiar Terje P. Hagen vil presentere rapporten, som vert framlagt 1. februar. På slutten av denne programbolken legg vi opp til panel- og plenumsdebatt med Mørebenken. Stortingsrepresentant Vetle Wang Solheim (H) har stadfesta at han deltek. I tillegg håper vi at opposisjonspartia kan møte med ein kandidat.
 
Vidare på programmet står m.a. Leve heile livet, arbeidet med kvalitetsreforma som Regjeringa har starta opp, og der KS og kommunane er invitert til å vere med i prosessen. Statssekretær Line Miriam Sandberg i Helse- og omsorgsdepartementet innleiar frå Regjeringa si side.
 
Og 86 år gamle Margot Hurlen vitjar Strategikonferansen i år. Ho avsluttar dagen med refleksjon rundt livet, døden og kjærleiken, sett gjennom hennar tjukke brilleglas!
 
Dag 2 av konferansen er via tariff og hovudoppgjeret for 2018 samt oppsummering av kommunane sine innspel til debattheftet og fylkesmøte. Vi gjer merksam på at vi denne dagen set fylkesmøtet frå morgonen av. Dette fordi innleiingar og føredrag er direkte knytt til handsaminga av debattheftet til slutt, og delegatane bør difor få med seg desse.
 
KS Møre og Romsdal vil innkalle til fylkesmøte med valde utsendingar den 8. februar 2018 på Quality Hotel Alexandra i Molde.
Fylkesmøtet er KS sitt øvste organ i fylket. Fylkesmøtet møter i samband med arbeidet med å forankre konsultasjonar, tariffspørsmål, forpliktande avtalar og andre viktige/ prinsipielle saker. I fylkesmøtet møter dei valde utsendingane frå kommunane og fylkeskommunen. Utsendingane er velkomne til å delta på Strategikonferansen.
 
Innkalling og sakliste vert utsendt i veke 4/5.
 
Vi ber om at evt. forfall til fylkesmøtet vert meldt til KS M&R snarast, og vara vert innkalla.
 
Powered by WebSite