HEIM    PROGRAM    PRAKTISK INFORMASJON    
 
 

Klart språk i kommunesektoren
- kva er det, kvifor treng kommunen det, og korleis
leiar du arbeidet?

 

Kurset er flytta til januar 2018.
Ny invitasjon vil bli sendt ut.


Thon Hotel Jølster, Skei
 7
. og 8. september 2017

 

Ta tak i tekstane - bli ein klarspråkskommune!
Ved hjelp av klarspråk kan kommunen din effektivisere arbeidet og spare både tid og pengar. 
På dette kurset lærer du kva klarspråk er, korleis du praktiserer det, og kva som skal til for å 
kome i gang med klarspråk. 

Målgruppe
Kurset passar for deg som ser verdien av klarspråk og som har lyst til å sette i gang med klarspråksarbeid i (fylkes-)kommunen der du jobbar. Du kan vere leiar, kommunikasjonsmedarbeidar eller fagperson innanfor eit bestemt område. Det viktigaste er at du er motivert for å kome i gang med klarspråk.
 
Kurset vekslar mellom foredrag, diskusjon og praktisk arbeid individuelt og i grupper. Målet er at det skal resultere i lokale klarspråksprosjekt for kommunane og fylkeskommunane som deltek. Vi ønskjer mellom to og fire deltakarar frå kvar kommune.
 

Kvifor kurs – kva nytte kan kommunen rekne med?
Tekstane de skriv, er nært knytte til livet i kommunen. Det er mellom anna gjennom tekstar kommunen møter innbyggjarane. Då er det viktig at tekstane fungerer. Det gjer dei ikkje alltid; ein av tre forstår ikkje innhaldet i offentleg informasjon. Dette er eit demokratisk problem, men det er òg eit økonomisk problem. Dårleg språk kostar staten rundt 300 millionar kroner i året. Det er grunn til å tru at det òg kostar kommunane dyrt.


Døme på innsparingar ved bruk av klarspråk:

I Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune si innsparing ved bruk av klarspråk

I Skedsmo kommune sparer sakshandsamingstid ved bruk av klarspråk

I Lånekassen og Vegvesenet - døme på nedgang i telefonførespurnader


Du vert ein klarspråkressurs i kommunesektoren
KS si storsatsing på klarspråk i kommunesektoren er i gong, og vi byrjar med å heve kompetansen gjennom regionale grunnkurs. Gjennom to intensive og nyttige dagar skal du bli tryggare på klarspråk som fagfelt, og få eit bilete av korleis din kommune kan organisere eit vellukka klarspråkprosjekt. Du vert òg kjend med kollegaer i andre (fylkes-)kommunar, som skal i gong med klarspråksarbeid. De lærer saman på kursdagene og blir del av eit nettverk som kan samarbeide og dele røynsler i det vidare klarspråksarbeidet i kommunesektoren.
 
Kven held kurset?
Kurshaldarane Vidar Lynghammar og Karolina Netland frå NTB Arkitekst er to av dei mest røynde konsulentane og kurshaldarane på området klarspråk. Dei har bistått ei lang rekke statlege og kommunale verksemder i klarspråkarbeid. Dei har skrive om svært mange brev, utvikla mange språkprofilar, brukartesta tekstar innafor ulike fagområde og kursa tusenvis av byråkratar i klarspråk og skriftleg kommunikasjon.
 
 
 

 

 

Bindande påmelding

 

 

Powered by WebSite