Ny som leiar i kommunen 

 
HEIM    PROGRAMMET    PÅMELDING    DELTAKARLISTE    PRAKTISK INFORMASJON    
   
   
Ny som leiar i kommunen
   
Grunnkompetanse for nye leiarar 2017/2018  
   
   
   
   
Opplæringsprogrammet "Ny som leiar i kommunen" er i regi av KS i Sogn og Fjordane, og er  
tenkt som ei grunnopplæring for nye leiarar i kommunane.  
Målsetjinga er å gje deltakarane kunnskapar og ferdigheiter innan utvalde tema som ein kan ta med seg   
tilbake i utøving av leiarrolla. Vi har som målsetjing å gje kunnskap som er grunnleggjande for å utvikle  
seg som ein trygg og utviklingsorientert leiar i kommunen.  
   
Programmet er lagt opp over tre samlingar, som vil bli ei blanding av førelesing, gruppearbeid og  
erfaringsutveksling. Det vil bli lagt opp til at deltakarane må førebu seg til samlingane og til noko arbeid  
mellom samlingane.  
   
Leiarane sitt ansvar for å utvikle gode tenester vil stå sentralt.  
   
Målsettinga vår er å
  • bidra til trygge og utviklingsorienterte leiarar
  • skape nettverk og ein positiv leiarkultur i fylket
 
   
   
   
Som leiar har du ansvaret for å levere gode tenester i samsvar med gitte rammer. Rammene er gitt i  
politiske styringsdokument, i administrative vedtak og retningslinjer, i økonomiplan og budsjett, og i lov- og  
avtaleverk. Som leiar er det viktig å bruke handlingsrommet som rammene gir både til å levere tenester,  
men også til å tenkje nytt om korleis ein kan utvikle endå betre tenester.  
   
Medarbeidarar som er motiverte og trivst godt gjev eit godt grunnlag for å utvikle og levere gode  
velferdstenester til samfunnet. Godt samspel mellom leiing, tillitsvalde og myndiggjorde medarbeidarar  
er ein føresetnad for å mobilisere dei gode kreftene som medarbeidarane utgjer i verdiskapinga.  
   
Opplæringsprogrammet skal gje deltakarane innføring i:
  • Å vere leiar og arbeidsgjevar; relasjonsutvikling, styringsrett og styringsplikt
  • Økonomi; god ressursutnytting, ansvar og kontroll
  • Styring og utvikling av tenester; den gode styringsdialogen - kommunen som demokratisk
    arena med vekt på samspelet mellom politikk og administrasjon som premiss for
    utviklingsarbeidet
  • Avtaleverket; korleis bruke avtaleverket, rettar og plikter som følgje av dei
  • Dei juridiske rammene; formål og hovudbestemmelsar i dei viktigaste lovene,
    dvs forvaltningslova, offentleglova, kommunelova og arbeidsmiljølova
 
   
Målgruppe:  
Leiarar i kommunane som er nye eller som treng påfyll i leiarfunksjonen sin. Fortrinnsvis leiarar  
med personalansvar.  
   
Arbeidsmåte:  
Opplæringa vil skje i ein kombinasjon av temainnføring i plenum og arbeid i grupper.  
Mellom samlingane blir det obligatorisk mellomarbeid som tek utgangspunkt i deltakarane sin eigen  
kvardag, og som vil vere direkte knytt til utvklinga av eigen organisasjon. Gruppene vil bli sette saman  
ut frå deltakarane sine arbeids- og tenesteområde.  
   
Gjennomføring:  
Opplæringa skjer gjennom tre samlingar over to dagar.  
Det er sett ei deltakaravgift på kr 600 pr person. I tillegg kjem reise- og opphaldskostnader.   
   
1. samling: 25.-26. oktober 2017 - Quality Hotel Sogndal, Sogndal  
2. samling: 30. november - 1. desember 2017 - Scandic Sunnfjord Hotell, Førde  
3. samling: 13.-14. februar 2018 - Hotel Alexandra, Loen  
   
Tidsrammer:  
Dag 1: 10.00 - 17.30.   
Dag 2: 08.30 - 15.00  
   
Programmet kan starte opp med føresetnad om 20 deltakarar. Maks tal deltakarar er 40.  
   
Ressursar:  
        KS Advokat  
        KS Konsulent AS  
        Kommunar i Sogn og Fjordane  
        Imtec AS  
   
Påmeldingsfrist: 25. august 2017  
   
 

 

 

 

 

 


 

 

 

Powered by WebSite